RUNE BELSVIK

Forfattar / Dramatiker

Rune Belsvik har gitt ut nærmere 40 bøker, både romaner, fortellinger, skuespill og barne- og ungdomsbøker. Han har vunnet mange lesarhjerte med mellom annet historiene om Dustefjerten. Bøkene hans er òg godt prislønt og for Verdas mest forelska par fikk Belsvik Kritikerprisen for beste barne- og ungdomsbok i 2001. 

FOTO: SOL NODELAND

Verk:

VERDAS MEST FORELSKA PAR

Alle stader i verda finst det forelska par. I dei største byar og dei minste bygder. Alltid er det eit forelska par der. Berre følg nøye med der du bur. Høyr etter kviskring og fnising. Sjå etter to som går tett saman under ein paraply. Dei finst over alt. Dei to som er så forelska at ingenting anna betyr noko for dei. I Bløygen var det Bidger og Esmiluni. Dei budde på toppen av Bløygenbakken. Av og til var dei så forelska at utelampa blinka. Bidger og Esmiluni. Esmiluni og Bidger. Dei var dei rette for kvarandre.

Verdas mest forelska par er ei fin, rar, morosam og klok forteljing for barn, ungdom og vaksne om kjærleikens magi og utfordringar, og om kva som kan hende når forelskinga skal på utstilling. Bidger og Esmiluni jobbar i julepyntbutikken på den vesle staden Bløygen. Av og til er dei så forelska at dei ikkje orkar å arbeide. Dei vil bere vere saman, seie fine ting til kvarandre og blåse kjærastevind i øyro på kvarandre. For å skaffe bygda sårt tiltrengt turistreklame bestemmer kommunestyret i Bløygen at Bidger og Esmiluni skal vere med i sjølvaste meisterskapen i pludring og romantikk.

 

Men det er ikkje berre lett å førebu seg til ein slik konkurranse, heller ikkje å vise kor forelska ein er på kommando, og i knallhard konkurranse med andre. Dessutan er det ein kar i Bløygen som heiter Bjørn Diesel som er ulukkeleg forelska i Esmiluni og vil gjere kva som helst for å at ho skal bli kjærasten hans.

Skuespill / Familieteater

Original tittel: VERDAS MEST FORELSKA PAR

Tilgjengelige språk:

Antall medvirkende: 12 roller på 8 skuespillere.
5 menn 3 kvinner

Verdensomspennende representasjon

Skuespill / Familieteater

Original tittel: DUSTEFJERTEN OG ANDUNGEN
Etter barnebok av: RUNE BELSVIK
Dramatisert av: RUNE BELSVIK

Tilgjengelige språk: Norsk

Antall medvirkende: 1 kvinne 5 menn

Verdensomspennende representasjon

DUSTEFJERTEN OG ANDUNGEN

Det nærmar seg den store marsipanfesten i det vesle landet ved bekken.  Dustefjerten finn eit egg, og det kjem ein andunge ut, dermed blir han far og får eit stort ansvar.  Bollefisen lurer på om han blir i godt nok humør til festen.  Holesnusken nektar å bli med, og grev ei felle utfor døra si.  Det bur berre 6 stykke i det vesle landet.  Hendingane er små, men tankane er store.

FOTO: ESPEN TOLLEFSEN
DET NORSKE TEATRET, 2003

FOTO: GRETHE NYGAARD / HAUGESUND TEATER