FRODE GRYTTEN

Frode Grytten er født 1960 og er frå Odda. Han er ein av dei mest markante novelleforfattarane i Noreg, men har òg hatt suksess innanfor fleire andre sjangrar. Det store gjennombrotet fekk han med romanen Bikubesong i 1999. Grytten debuterte i 1983, og har sidan skrive både romanar, noveller, barnebøker og lyrikk. Novellene hans har blitt gitt ut i fleire samlingar og utval, seinast i den 870 sider tjukke Noveller i samling frå 2009.

Felles for tekstane til Grytten er at dei skildrar vanlege folks liv med ein uvanleg energi, både medrivande barndomsskildringar og kompliserte kjærleikshistorier blir fortalde på ein varm måte som gjer det mogleg å følgje karakterane inn i dei mest hudlause situasjonar.

 

Grytten har lang fartstid som essayist og journalist, m.a. som reporter for Bergens Tidende. Han har undervist i reportasjeskriving på universitet, høgskolar og i dei fleste store redaksjonar i Noreg, og blei i 2003 tildelt Norsk språkpris for sitt journalistiske arbeid. I boka 50/50 frå 2010, er 50 av hans journalistiske tekstar for første gong samla mellom to permar.

Frode Grytten fekk Brageprisen for Bikubesong i 1999 og blei for same bok nominert til Nordisk Råds litteraturpris. Han blei tildelt Rivertonprisen for kriminalromanen Flytande bjørn i 2005, og for Rom ved havet, rom i byen fekk han Melsomprisen i 2008. Teaterversjonen av Bikubesong mottok strålande kritikk og trakk fulle hus både i Oslo og Bergen. Grytten bur i Bergen (www.samlaget.no)

FOTO: HANS JØRGEN BRUN / OKTOBER

Verk: 

SÅNNE SOM OSS

Det er første haustdag med snø. Bussar og bilar stampar i kø over heile byen. Heime i bustaden i forstaden sit Bente Eriksen. Ho er urolig for mannen, Frank, som ikkje har gitt livsteikn frå seg på mange timar. 

Då han endelig dukkar opp seint på kveld, hevdar han at han har vore på boksetrening. Bente veit betre. Eit drama om stor sorg tar til å falde seg ut. Den vesle bustaden i suburbia blir etter kvart fylt med alle dei som har fått liva sine snudd opp ned gjennom tapet av ei dotter.  

Her kjem sonen Tom som nettopp har sluppe ut av fengsel, og som har med seg kjærasten Emilie. Her kjem farmor Anna og farfar Arne, som budde her den gongen leiligheita var ny. Denne familien bærer på for mykje fortid, og dei veit rett og slett ikkje korleis dei skal handtere all sorga og all kjærleiken.

Skuespill / musikkteater

Original tittel: SÅNNE SOM OSS 
Av: FRODE GRYTTEN
Musikk / Tekster: JOHN OLAV NILSEN

Tilgjengelige språk: Norsk (nynorsk)

Antall medvirkende: 4 kvinner 3 menn 1 (eller flere) musiker(e)

Verdensomspennende representasjon

Samtidsdrama
Original tittel: ALBERT OG ANNA 

Tilgjengelige språk: Norsk

Antall medvirkende: 2 kvinner 2 menn

Varighet: 1 t og 35 min

Verdensomspennende representasjon

Skuespill / musikkteater

Original tittel: BIKUBESONG
Etter roman av: FRODE GRYTTEN
Dramatisert av: LASSE KOLSRUD

Tilgjengelige språk: Norsk 

Antall medvirkende: 19

Verdensomspennende representasjon

FOTO: JOHN HUGHES
DET NORSKE TEATRET

BIKUBESONG

Bikubesong har eit herleg galleri av heilt vanlege, uvanlege typar. Stykket gjev innblikk i liva til menneske som bur i ein murbolig i Odda, men historia kunne like gjerne ha funne stad ein annan plass i Norge.

 

Bikubesong er basert på Frode Grytten sin suksessroman, som vart selt i 70 000 eksemplar. Då boka kom ut, vart ho raskt ein publikumsvinnar. Grytten henta heim ein Bragepris og vart nominert til Nordisk Råd sin Litteraturpris. Romanen er sett saman av 25 historier om dette fargesterke typegalleriet. Regissør Lasse Kolsrud har laga ei forteljing for scena og krydra ho med musikk. I tillegg til ein hund og 15 personar i ensemblet, spelar òg låtane til The Smiths ei sentral rolle i framsyninga, framført av eit liveband på scenen.

ALBERT OG ANNA

Vi kommer tett inn på Albert og Anna, to eldre mennesker, som har elsket hverandre gjennom et langt liv. Albert & Anna er historien om helt vanlig kjærlighet, den kjærligheten som ikke blir sett av andre enn de som deler den.

Som livspartnere har Albert og Anna dyrket sin hage som de har dyrket hverandre. Men nå er Anna i ferd med å forsvinne, og når hun blir borte, er også Albert redd for å miste seg selv. I forestillingen treffer de igjen den unge Anna og den unge Albert. Humoristiske og varme tilbakeblikk skildrer samliv og samhold gjennom vekslende årstider (www.dns.no).

Pressen sier:

«Med dette stykket har Frode Grytten skrevet seg inn i toppdivisjonen av norske samtidsdramatikere (...) Det er ømt, det er poetisk, det er vondt, det er vakkert, det er minneverdig.»

BT (6)

«Dette er feelgood, men med en dose klokskap og velspilt vemod (...) Med tangoens brusende rytmer som akkompagnement er fortellingen om Albert & Anna blitt en varm og vemodig livsdans.»

VG (5)

«Gryttens stykke er som en hymne til alminneligheten og utholdenheten, til det som er varig i en fragmentert verden. (...) Kari Simonsen og Sverre Bentzen er dypt rørende som det modne paret, og Stine Robin og Kristoffer Sagmo Aalberg er totalt overbevisende i sin unge forelskelse.»
Aftenposten (5)

FOTO: DEN NATIONALE SCENE, 2014

FOTO: DEN NATIONALE SCENE