AGNES RAVATN

Forfatter

Agnes Ravatn studerte musikk ved Universitetet i Bergen før ho byrja å skrive for alvor, og tok, i 2004–05, Årskurs i skapande skriving ved Skrivekunstakademiet i Hordaland. Sidan då har ho skrive skjønnlitteratur og drive med journalistikk, og har fått merksemd for sin særeigne gonzo på nynorsk i reportasjeseriar for Dag og Tid

Avisa Natt & Dag gav Ravatn Bergensprisen i 2007 for beste bok, for debutromanen Veke 53. I 2008  fekk ho Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts fonds litteraturpris av Samlaget og litteraturstipend frå Rogaland fylkeskommune. Samstundes laga ho den nynorskkultur-kommenterande fanzina Ikke til hjemlån, ein serie blad som ho og tre kollegaer kopierte opp i kjellaren på Bergen Offentlige Bibliotek. Fanzinaen kom i bokform på Samlaget i 2008. Året etter kom ei anna samlebok av Ravatns tekstar: Stillstand: Sivilisasjonskritikk på lågt nivå. Denne var den første samlinga hennar av reportasjar frå Dag og Tid. I 2011 kom Folkelesnad, også den ei essaysamling av tidlegare utgitt materiale. For denne vart Ravatn nominert til Brageprisen. Ho vann P2-lytternes romanpris for sin andre roman, Fugletribunalet. I 2014 kom Agnes Ravatn med boka Operasjon sjølvdisiplin: Sjølvhjelpsbok for deg som ikkje kan fordra sjølvhjelpsbøker. Også denne byggjer på ein artikkelserie ho hadde i Dag og Tid.

FOTO: KJERSTIN GJENGEDAL

Verk: 

Monolog

Original tittel: OPERASJON SJØLVDISIPLIN

Etter bok: OPERASJON SJØLVDISIPLIN
Av: AGNES RAVATN

Dramatisert av: INGRID W. NILSEN
Tilgjengelige språk: Norsk (nynorsk)

Varighet: 1 t 10 min

Antall medvirkende: 1

Verdensomspennende representasjon

FUGLETRIBUNALET

Historikaren og tv-kjendisen Allis Hagtorn flyktar frå ein pinleg kjærleiksskandale med påfølgjande offentleg skittentøyvask, og endar i ein psykologisk thriller på ein aude stad. I eit forsøk på å reinse seg sjølv frå skamma og begynne eit nytt liv, søker ho jobb som hushjelp i heimen til ein mann som bur for seg sjølv i eit gammalt hus langt unna sivilisasjonen. Men det enkle, reine livet i pakt med naturen viser seg å vere mykje meir komplisert enn ho hadde trudd, og ho viklar seg inn i eit farleg drama.

Med Fugletribunalet vann Agnes Ravatn P2-lyttaranes romanpris i 2013 og fekk Ungdommens kritikarpris i 2014. Ravatn har markert seg som ein skarp, vittig og satirisk observatør med sine mange essay i Dag & tid og Dagbladet. I 2007 romandebuterte ho med Veke 53. Da Fugletribunalet kom ut i 2013, var kritikkane blanda. Nokre hylla romanen, andre erklærte at boka måtte ha vore meint som ironi. Den frekke essayisten og tekstforfattaren Agnes Ravatn med erotisk thriller-roman? Boka fekk raskt stor merksemd og mange lesarar – sjølv om ho er på nynorsk. I 2013 mottok ho den høgthengande P2-lytternes romanpris for Fugletribunalet, og gjorde for alvor dei kritiske røystene til skamme. Fugletribunalet er den første boka av Ravatn som blir dramatisert for scenen.

Skuespill
Original tittel: FUGLETRIBUNALET
Etter roman av: AGNES RAVATN
Dramatisert av: INGRID W. NILSEN

Tilgjengelige språk: Norsk (nynorsk)

Antall medvirkende: 4 kvinner 2 menn

Varighet: ca. 1 t og 30 min

Verdensomspennende representasjon

FOTO: DAG JENSSEN
DET NORSKE TEATRET 2915

OPERASJON SJØLVDISIPLIN​

Kvifor er tanken på rask tilfredsstilling så vanskeleg å stå imot, når ein både inst inne og ytst ute veit betre?

Stadig fleire av oss strever med utsettingssyndrom, stress og dårleg samvit, fell for freistingar som torpederer dei langsiktige måla våre, og sjekkar Facebook annakvart minutt. Vi liker Netflix, sukker og smelta ost.

Samstundes veit vi at dei som er i stand til å legge band på seg, vente på eit gode og planlegge for framtida både er meir vellykka i yrkeslivet, lykkelegare i privatlivet og har betre fysisk og mental helse. Så kvifor klarar vi det ikkje? Kvifor er det den primitive delen av hjernen som vinn?

Operasjon sjølvdisiplin er framsyninga for deg som ein gong hadde ei lys framtid, men som no er ein internattavhengig, nevrotisk, dvask og ulykkeleg tufs i tidsklemma. Det er ein praktisk og vitskapleg fundert guide til korleis du kan overvinne distraksjonar, slutte å prokrastinere, etablere gode kosthalds- og treningsvanar og gjenvinne impulskontroll.

Kort sagt: Lære å bli ein strålande representant for menneskeslekta (tekst fra www.detnorsketeatret.no).

FOTO: Fra Det Norske Teatret